Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

BRAKKER PÅ PLASS


Spesialbil måtte til for å flytte konteinar.
Roald Motor er svært positivt miljø for mange aktive skru interesserte ungdommar i Giske kommune. Kvar dag møtast fast mellom ti og tjue ungdommar seg i verstaden for å prate, skru på motorsyklar eller bilar. Totalt er det meir enn 40 faste ungdommar frå heile kommunen som finn vegen innom gjevnleg, og fleire nye dukkar stadig opp. At miljøet også kan vere med på å stimulere til å få fram nokre av dei beste bilmekanikarene i landet er eit ekstra stort pluss. Ungdom frå Roald har også før for nokre år sida utmerkt seg heilt i toppen innan NM i bilfag. Dette var før Ungdomsprosjektet kom i gong. Dette viser at ein har ein lang tradisjon i å være god på motor i området. Dette er ein tradisjon vi bør take vare på. Ungdomsprosjektet støttar Roald Motor. Vi håper at vi no kan klare å opprethalde dette gode tilbodet i lang tid framover. Alt avhenger i å ha ein god plass å være, og interesserte ungdom. Roald Motor har blitt ein slik plass. Det er ungdommen sjølve som organiserer alt, og som i mange år har gjort dette til ein god plass å være.

<<< Tilbake