Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

Innbrot på Heimly


Natt til mandag 20.11 har det vore uvedkomne gjestar innom Ungdomshuset Heimly.

Gjestane tok med seg kassa der pengane blei oppbevart, ellers ser ting urøyrt ut.
Det var Kenneth Andrè Alnes som oppdaga hendinga då han mandag kom til Heimly, i høve eit lydoppdrag som Lydgruppa hadde teke på seg.

Håvard Grimstad, som er leiar for husstyret på Heimly, er irritert over kor idiotiske folk kan vere. At folk kan vere so egoistiske og øydelegge for eit flott tilbud som har vorte stellt i stand for ungdommen, forstår han ikkje. Slik det ser ut, mistenker han det har våre ungdommar bak hendinga, sidan andre verdigjenstandar ikkje har vorte rørt.
Han legg til at Heimly vil vere åpent som vanleg førstkommande fredag.

<<< Tilbake