Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

ISTANDSETJING AV HEIMLY


Komite for oppvekst ber om at Heimly blir istandsett slik at drifta av ungdomsklubben blir sett i gong igjen så snart som mogleg.

Kulturkontoret jobbar no på spreng med å få tak i ein entreprenør som bl.a. kan kostnadsrekne utbetringane. For tida er det stort press på entreprenørar og bransjen, slik at ein må nok rekne med at det vil ta tid å få utbetre Heimly. Men det kan sjå ut for at kommunen ynskjer å sikre drifta av bygget. Ein må truleg dele arbeidet opp i fleire omgangar. Det viktigaste vert no å få opna op at huset. Etter kvart er det også tenkt å få tilrettelagt fleire funksjonar tilknytta Heimly, og ein ynskjer å bygge ut noko. Ein vil også legje ned eit betydeleg arbeid med å få trygga huset mot innbrot før ein opnar igjen.

Kommunen har fått inn mange henvendelser og komentarar på saka, og det kan sjå ut som at mange bryr seg om at ein har eit slikt tilbod for ungdom i kommunen. Dette er også ein stor støtteerklæring for alle dei som jobbar med Aktiv Ung eller som deltek på ein eller anna måte, og det verkar sterkt motiverande.

<<< Tilbake