Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

Ungdomsrådet i Giske


Barn og ungdoms rett til å medverke og påverke, er felt ned både i FN sin barnekonvensjon og i norsk lovgjevning. Ungdom har rett til å bli høyrd, og det er særs viktig for kommunen å ha eit organ som kan seie i frå kva for ønskjer og behov ungdommen har. Dette er lovfesta rettigheiter.

Giske kommune oppretta Ungdomsråd i 1999. Framleis held ein på med å utvide tilbodet til ungdom, og å gjere kommunen til ein interessant stad for ungdom å bu og trivast i.
Ungdomsrådet sine viktigaste oppgåver er å vere eit samlande talsorgan for ungdom i kommunen. Dei kan fremje sakar til kommunen, og til anna hold. Ungdomsrådet tek også på seg å få i gong nye aktivitetar og halde desse i gong. Ungdomsrådet innstiller kvart år mellom anna på tildelingar innanfor ei ramme på kr 50 000, til ulike tiltak for ungdom. Alle kan søkje. Søknad om midlar til ungdomstiltak kan gjerast på same elektroniske søknadskjema som vert nytta til kulturmidlar.



<<< Tilbake