Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

Referat frå Ungdomsrådet i Giske 27.09.07

Referat frå Ungdomsrådet i Giske 27.09.07

Til stades:

Solveig W Skjong (leiar), Chris Remøy, Charlotte Dyb – Sandnes, Stine Brynestad.

Amanda Støbakk og Espen Rørvik hadde meldt forfall.

Leslie Bjørkelund ref.

Det var ingen merknader til innkallinga.

REFERATSAKER

Sak 4/07

Hallvard.Lavoll-Nylenna frå Ung medverknad i fylke, ønskjer å kome på besøk til Ungdomsrådet den 25.10.

Vedtak: Dato er notert, og Ungdomsrådet møter med dei som kan.

Sak 5/07 Bylarm

Samarbeidsprosjekt med departementet. Bylarm opplysar at ein kan søkje om tilskot til etablering/oppstart av ”kulturrelaterte” bedrifter og verksemd. Etablering av band er ikkje teke med i denne ordninga.

Vedtak: Saka er teke til orientering.

Sak 6/07 Lokalisering av ungdomsklubb.

Ordførar Knut Støbakk har bede Ungdomsrådet om å uttale seg kor ungdom kunne tenkje seg ein ungdomsklubb/stad. Han har også bede om ungdommane sjølve veit om noko bygg eller plass. Kva skal bygget gje av aktivitet. Er Sentrumsbygget aktuelt?

Ungdomsrådet uttaler einstemmig følgjande:

"Det er brei einigheit om at ein større ungdomsklubb i kommunen bør ligge på Valderøy. Dette er ein naturleg samlingsstad for mange ungdom frå heile kommunen. Ytterland er et ønsket område. Her har ein bussforbindelse, butikk m.m.

FONS bygget er uaktuelt. Det vil lett kunne bli konflikt i området mellom fastbuande og ungdomsaktiviteten, fordi FONS kontoret ligg så nære bustadhus.

Brødr. Roald bygget er interessant, men det må fyllast med innhald. Ungdomsrådet vil ta dette med attende til elevråda ved ungdomsskulene på Godøy og Valderøy. Dei vil drøfte kva for aktivitetar ein kunne tenkje seg lagt til eit slik bygg og plass.”

Neste møte i Ungdomsrådet blir den 16.10. Då vil ein legge fram resultatet frå elevråda.

Sak 7/07 Innstilling til fordeling av øl-kassafondet kr 150 000,-
NB! Det er formannskapet som avgjør tildelinga.

Det er kome inn mange gode søknadar i år både på kassafondet og til ungdomsmidlar. Ungdomsrådet ønskjer å knytte kommentarar og vilkår i høve til tildeling.

Vedtak: Ungdomsrådet innstiller einstemmig på følgjande fordeling frå kassafondet:

- Giske Seilforening, til oppstart av jollegruppe
for barn og ungdom. kr 10 000
- Valderøy Ungdomsskule, rampe 50 000
- Emanuel, hindermateriell 11 500
- Ungdomsrådet, nye tiltak
for ungdom 30 000

- Buldrevegg(klatring)
4 stk. Valderøy, Godøy,
Giske og Vigra 39 500

- *Vigra skule, fontene/klokke 5 000
- **Giske skule, lydanlegg 4 000

*Flott søknad frå elevrådet på Vigra skule:-)
** Ungdomsrådet reagerte på prisane som er grunnlaget for søknaden. Dette utstyret kan ein få rimelegare ved å sjekke prisar. Ein anbefaler å ta ein runde på Lyd og Lyspartner og Nakken Musikk, begge i Ålesund. Sjekk også nettsida Ljudia.se/no.

Forteljarverkstad m/Guri Åsen meiner Ungdomsrådet fell innanfor Kulturnista. Ein ber Giske skule søkje Kulturnista om tilskott.

Sak 8/07 Einstemmig innstilling til fordeling av ungdomsmidlar kr 50 000,-
NB! Formannskapet avgjer tildelinga.

- Giske Hestesporttklubb 2 stk. søknadar.
Ungdomsrådet innstiller på totalt kr 15 000

- *Emma Karoline Valderhaug Austad,
hip-hop kurs 2 800

Ungdomsrådet ber om at ein ventar med å dele ut meir pengar til eit seinare tidspunkt. Ein har ein søknad som det ikkje kjem fram opplysningar om kor mykje eller kva dei treng pengar til. Ungdomsrådet, ved Stine skal sjekke ut saka.

*Vilkår til Emma: Emma K.V. Austad må holde kurs i alle fall ut skuleåret 07/08. Gjerne fleire
år fram i tid:-)


<<< Tilbake