Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

INNHALD I NY UNGDOMSKLUBB


Referat frå Ungdomsrådet i Giske 16.10.07

Til stades:

Solveig W Skjong (leiar), Chris Remøy, Charlotte Dyb – Sandnes, Stine Brynestad, Amanda Støbakk, Leif Rosvoldaunet. Leslie Bjørkelund ref.

Espen Rørvik møtte ikkje.


Det var ingen merknader til innkallinga.


SAK 9/07 Innhald og lokalisering av ungdomsklubb.


På møte den 16.10 har Ungdomsrådet i hovudsak jobba om to ting.

1. Innhald i ein ungdomsklubb
2. Om dette kan innpassast i Br.Roald bygget og korleis.

1. INNHALD

Ungdomsrådet legg vekt på at innhaldet i ein ungdomsklubb er det viktigaste punktet. Det fysiske miljøet må berre vere praktisk bygd slik at aktivitetane kan fungere godt, og i sikre former.

Hovud målgruppa for ungdomsklubb er ungdom mellom 13-18 år. Det kom også fram at når ein brukar så mykje ressursar på ungdom, så må kommunen ikkje gløyme dei ungdommane som er frå 18-23 år. I Giske kommune er det ikkje tilrettelagt noen tilbod for desse.

Det var kome inn ein rekkje forslag til innhald. Ungdomsrådet har delt dette inn i aktivitetar innandørs og aktivitetar utandørs.


INNANDØRS

Billiard
Matservering etter kl.23.00
Kino
Trådlaus internett
Diskotek m/stort anlegg
Kurs/møte rom
Bibliotek
Trampoline
Puterom
Internettkafé
Spillrom for dataspill
Bowling
Kiosk/kafé/isbar
Dart
Bordtennis
Kontorplass for fleire, også for Ungdomsrådet, UKM, MOT m.m.
Kjøkken
Airhockey
Garderobe/dusj/toalett
Verkstad
Klatrevegg
Graffitivegg
Lydstudio Film og videorom
4 lagerrom

UTE

Grillplass
Båtplass
Brygge
Båt for ulike aktivitetar
Parkering
Levegg
Volley/fotball
Uteamfi/scene m/tak og vegg
Dissestativ
Motorsportplass (trail/Rc)
Badestamp
Brusautomat
Sykkelstativ


2 OM DETTE KAN INNPASSAST I BR. ROLAD BYGGET OG KORLEIS

Ungdomsrådet har tatt utgangspunkt i at dersom ein skal kome raskt i gong med ein ungdomsklubb bør ein gå for Br. Roald bygget. Kommunen eig ikkje noko areal, og det er heller ikkje noko annan stad som ligg meir gunstig til rette for ein ungdomsklubb i området. Kommunen bør inngå ein langsiktig avtale. 5 år er for kort tid. Det har også kome fram ønskje om eit nytt kulturhus i kommunen. Ved å sjå på resten av bygget, vil dette truleg vere egna til eit kulturhus.

Aktivitetar som krev at utstyr blir frakta mykje ut og inn må leggast nærmast døra. Ein må få til gode løysningar på inngang. Det er stor takhøgd i bygget, opp mot 7 meter. Denne kan nyttast til å leggje aktivitetar i 2 høgder. Ved å tenke delar av lokalet i 2 høgder, finn ein at det er nok plass. Dette kan gjerast på ein enkel måte, og ein kan operere med kalde og varme soner i bygget, noko som kan spare mykje straum.

Ungdomsrådet har idear og synspunkt på korleis romma kan sjå ut. Dei ynskjer mellombels at ein arkitekt kan samarbeide med Ungdomsrådet for å få utarbeidd eit endelig forslag til kommunen.

LBj. (ref)


<<< Tilbake