Hovedside > Arkiv
Skriv ut siden
HOVEDSIDE
Arkiv
AKTIVITETAR
UNGDOMSRÅDET
LENKER
OM UWEB'N
KONTAKT OSS

Ungdomsrådsmøte 10.03.2008

Til stades: Espen Rørvik, Charlotte Dyb-Sandnes, Amanda Støbakk, Jørgen Svinø (vara for Kine).

Chris Remøy og Solveig Skjong møtte ikkje.

USAK 1/08 Merknadar til innkalling

Det har vore vanskeleg å få innkalla alle av ulike årsaker. Ein opplever til og med å få melding om at deltakarar skal kome utan at dei kjem. Kva kan gjerast for å få Ungdomsrådet til å møtast.

U.vedtak:

Ungdomsrådet gjekk einstemmige inn for at innkalling blir sendt i brevs form minimum ein veke før kvart møte. Ein skal også minne om møte same dag på SMS.

Ungdomsrådet ønskjer på neste møte å drøfte kva som skal til for å skape meir engasjement. Ungdomsrådet trur at rådet må formaliserast meir, slik at dei blir tatt seriøst av kommunen. Av tiltak Ungdomsrådet ønskjer å ta opp på neste møte er om deltakarane skal få kompensert for møta på same måte som andre politiske utval i kommunen t.d. Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma. Kva type saker skal Ungdomsrådet handsame, og i kva for form skal dei vere. Er dagens samansetning av Ungdomsrådet hensiktsmessig. Kor mange skal veljast inn, kven kan delta og korleis skal dei kunne veljast inn. Ungdomsrådet er einige om at ein skal bruke tida fram til hausten for å finne ein passande form for verksemd i Ungdomsrådet. Ungdomsrådet er også positivt innstilt til, og trur at medverknad frå elevråda frå ungdomsskulane er viktig. Representantar frå Ungdomsrådet ønskjer å besøke elevråda og kvart klassetrinn frå 8. og oppover. Ungdomsrådet skal utarbeide ein strategi for dette, og gjennomføre tiltaket innan neste val til hausten.

USAK 2/08 Meldingar

Fredag 28.03 opnar ein for Ungdomsklubb på skulen. Ungdomsrådet vert innkalla til dugnad måndag den 24.03. for å rydde på plass til opninga.

29.04 kjem det 2 klassar til kommunen som skal ha omvisning hos The Margarets dei ber om hjelp til å få kunne delt klassa på fleire aktivitetar, fordi The Margarets ikkje har plass til meir enn ein klasse pr. gong. Leif har merka av datoen. Ungdomsrådet kan delta som vertar. Avklare kven, seinare.

USAK 3/08 Br. Roald nytt tilbod, innhald og tilbod

Eigedomsselskapet Ytterland har kome med nytt innspel om at kommunen kan nytte seksjon 3 og 4. Dette er i samsvar med ønskje frå Komité for miljø og kultur.

U.vedtak:

Ungdomsrådet stiller seg positive til det forslaget som nå er lagt fram. Ytterland er eit midtpunkt, og dersom ein også kan leggje til rette ein transportordning på kveldstid bl.a. til Godøya, så kan ungdom frå heile kommunen lett nytte staden og kome seg til og frå. Ungdomsrådet trur då at staden kan bli ein viktig møteplass for mange ungdommar i kommunen.

Ungdomsrådet meiner det er ein føresetnad å få mest mogleg aktivitetar inn i bygget. Ungdomsrådet trur følgjande aktivitetar langt på veg kan halde ope aktivitetsnivået i bygget. Desse er:

-Kantinedrift (drevet av ungdommane sjølve.)
-Datakafé
-Motorklubb
-Dans/filmverkstad, scene m.m. (samarbeid også med kulturskulen)
-Leksehjelp 2-3 gong-pr.veke.
-Øvingslokale for band og for Lykkelegheiten (i samarbeid med kulturskulen)
-Frivilligsentralen
-Faste kontor for Ungdomsrådet og husstyre.
-Fast kontordag for kulturkontoret (min.1 dag/kveld pr. veke)
-Plass ute og tilrettelagt for grilling.

Ungdomsrådet går inn for at det blir avsett ressursar for å få inn fleire vaksne til å halde ope fleire gonger pr. veke og eller at frivilligsentralen kan få med vaksne til å halde ope. Ungdomsrådet trur at ein føresetnad for å få inn mykje aktivitet, er å halde bygget ope, mykje av tida. Det er også viktig å halde ope i fritida, ferietid m.v. Då kan ein legge til rette for m.a. Lan-party (trådlaust datanettverkssamling)


Neste møte blir: ONSDAG 09.04.08 kl. 18.30 Rådhuset.


<<< Tilbake